Kretsmeisterskap 2026
Forfatter: VGK
17. juni 2026
Vel gjennomført kretsmesterskap 13.–14. juni
Kretsmesterskapet som vart arrangert laurdag 13. og sundag 14. juni vart ei flott helg på sjøen. Deltakarar fekk oppleva gode forhold begge dagane. Laurdag baud på dei beste vindforholda, medan sundag starta med gode solforhold, før vinden kom til slutt og gav ei strålande ramme rundt avslutninga av meisterskapet.
Det vart segla fem løp under meisterskapet. Kretsmeister 2026 vart Glimt (K 7) med rormann Jan Vee og mannskap Kristin Teigland Gjerstad og Andreas Kleppe. Andreplass gjekk til Ravn (K 110) med rormann Arild Teigland Gjerstad og mannskap Gisle Mikalsen og Kristoffer Gjerstad. På tredjeplass kom Gneist (K 23) med rormann Svein Økland og mannskap Sigmund Sandvik og Sindre Økland. Vidare følgde Susi (K 10) på fjerdeplass med rormann Bernhard Gjerstad og mannskap Vegard Gjerstad Kleppe og Olav Sigurd Espelund, medan Mossi II (K 15) tok femteplassen med rormann Knut Ove Gjersvik og mannskap Øystein Dalland og Ingrid Storetvedt.
Arrangementet vart gjennomført på ein god måte, og me vil rette ei stor takk til alle som bidrog i gjennomføringa – både arrangørar, frivillige og deltakarar. Takk òg til alle tilskodarar som tok turen og skapte god stemning rundt regattaen.
Foto: Ingrid Storetvedt
Foto: Ingrid Storetvedt
Foto: Privat
Foto: Privat