Rydding i medlemsregister
Forfatter: VGK
10. september 2026
Rydding i medlemsregister
Me ynskjer å rydda opp i medlemsregisteret vårt. I den samanheng vil me fjerne personar som ikkje lenger er aktive eller betalande medlemmar.
Alle som ikkje har betalt medlemsavgift sidan 2024, vil bli fjerna frå medlemslista.
Dersom du ikkje har betalt fordi du ikkje har fått varsel om betaling, eller fordi du er treningsansvarleg, frivillig eller har hatt ei anna rolle i laget, ber me deg ta kontakt på: [email protected]
Framover vil også æresmedlemmar, frivillige og trenarar få ein betalingsførespurnad på 50 kroner. Dette kjem av at NIF krev at alle medlemmar må betale minst 50 kroner i medlemskontingent for at medlemskapet skal vere gyldig. Sjå meir informasjon her: https://www.idrettsforbundet.no/.../medlemmer-og-aktive...
Takk til alle som er medlemmar og støttar laget!