[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt oss

Sjøsportveko 2026

Forfatter: VGK

06. juli 2026

Arrangement
News article image

Sjøsportveko 2026

24.–26. juni arrangerte klubben ei vellukka sjøsportveke med totalt 30 påmelde deltakarar. Om lag 10 av desse var nye deltakarar som fekk sitt første møte med segling og aktivitetar på sjøen.

Deltakarane vart delte inn i grupper ut frå erfaring og ferdigheitsnivå. Dette gjorde det mogleg å tilpassa opplæringa slik at både nybyrjarar og meir erfarne seglarar fekk best mogleg utbyte av aktivitetane.

Den første dagen fekk alle deltakarane prøva seg på kolsegling. For dei nyaste deltakarane vart det i tillegg gjennomført ein teoridel med innføring i korleis vind og segl arbeider saman for å få båten framover. Dei fekk også ei innføring i dei viktigaste seglingsreglane, slik at dei skulle vera godt førebudde og trygge på sjøen.

Gjennom dagane fekk gruppene vera innom fleire ulike aktivitetar, mellom anna:

  • Kajakk
  • Optimistjolle
  • Oselvarsegling

Lagkonkurranse og sosial avslutning

På fredagen vart det arrangert ein spanande lagkonkurranse der alle deltakarane vart delt inn i lag på to og to. Laga konkurrerte i ei rekkje aktivitetar på sjøen, mellom anna oselvarsegling, optimistsegling, kajakk, SUP og symjing. Konkurransen skapte stort engasjement, og det vart vist både lagånd og innsatsvilje gjennom heile dagen.

Dagen vart avslutta med ein halvstikk-konkurranse, der deltakarane fekk testa både fart og presisjon i knyting av knop. Etter at konkurransane var ferdige, samla deltakarar, instruktørar og føresette seg til ei hyggeleg avslutning med grilling og servering av vaflar.

Juniorregatta for Oselvar

Laurdag 27. juni vart det arrangert juniorregatta i Oselvarsegling. Regattaen samla åtte deltakarar fordelte på tre båtar, og det vart ein flott dag på sjøen med gode seglingsforhold og mykje segleglede.

Klubben er svært glad for den gode deltakinga gjennom heile sjøsportveka og juniorregattaen, og ønskjer å takka alle deltakarar, instruktørar, frivillige og føresette som bidrog til å gjera arrangementa så vellukka. Vi ser allereie fram til neste år!

Bilder

Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image

Junior regatta

Custom image
Custom image
Custom image