[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt oss

Sumarregatta 2026

Forfatter: VGK

05. juli 2026

Arrangement
News article image

Sumarregatta 2026

Sumarregattaen 2026 vart segla under til tider krevjande forhold. Den første dagen var prega av mykje vind, og mannskapa måtte vera raske i bevegelsane for å halda båtane på rett kjøl. Trass i utfordrande forhold vart det vist mykje god segling gjennom heile regattaen.

Det vart segla på faste merke, og regattakomiteen la opp til fleire varierte banar. Dette gav seglarane gode moglegheiter til å visa både seglkunstar, taktisk forståing og god båthandtering.

Kampen om topplasseringane vart svært jamn. Etter første dag var det Stolmaren og Olaien som hadde skaffa seg eit lite forsprang og låg likt i leiinga med 5 poeng kvar. Då seglinga heldt fram dag to, slo Seira til med to førsteplassar på rad. Den sterke avslutninga gjorde at Seira segla seg forbi konkurrentane og sikra samanlagtsigeren i regattaen.

Sluttresultatet vart:

  1. Seira – Svein Økland, Magnus Hauge og Åshild Økland
  2. Stolmaren – Øyvind Epland, Olve Hansen Epland og Jenny Teigland Tveit
  3. Olaien – Anders Bakke, Lene Horne Dale og Knut Arne Grøteide
  4. Glimt – Andreas Gjerstad Kleppe, Kristin T. Gjerstad Kleppe og Kristoffer Gjerstad
  5. Susi – Vegard Gjerstad Kleppe, Olav Sigurd Espelund og Jakob Lande.

Takk til alle som bidrog til ei flott regattahelg. Me gler oss allereie til neste års sumarregatta!

Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image